
Måndag 20. november skal teaterelevane ved kulturskulen vise fram ikkje mindre enn to førestillingar! Det startar kl 17:30, og det er gratis inngong. Førestillingane passar for barn og vaksne frå 0-116 år.
Dette handlar «Ulvane og skattekartet» om:
To ulveflokkar har vore bitre fiendar i generasjonar, men ein dag finn dei eit skattekart som endrer alt.
Etter eit lite sceneskifte blir det klart for «Grandma Ninjas»:
Grandma Ninjas handlar om tre gamle damer som jobbar deltid som superdetektiver, men den høge alderen lager dessverre litt krøll.