Informasjon

Praktisk informasjon

PRISAR 2025

  • Semesteravgift barn individuell: 1707 kr.
  • Semesteravgift vaksen individuell: 2502 kr
  • Semeseravgift biletkunst (gruppe): 1631 kr.
  • Semesteravgift drama (gruppe): 1631 kr.
  • Semesteravgift kor/orkester/samspel: 598 kr.
  • Semesteravgift kulturskuletimen: 291 kr.
  • Friplass: 0 kr. (meir informasjon kjem snart)
  • Instrumentleige per semester: 315 kr
  • Avgift materiell biletkunst: 260 kr. per semester
  • All samspel er gratis dersom ein går på individuelle timer med det samme instrumentet.
  • Familierabatt (gjelder alle i familien): 20%

GENERELT

  • Eleven blir kontakta av læraren før oppstart i august med tidspunkt for timen
  • Dersom eleven treng eit instrument å øve på, kan nokre instrument leiges av
    kulturskulen, andre må ein kjøpa sjølv (sjå dokument om instrumentleige)
  • Ein ordinær time varer i 25 min, ein gang i veka. Fiolinelevane har 45 min som standard.
  • Viderekomne elevar kan søkja om dobbeltime, 45 min.
  • Grupper har varierende antall minutter

Lærarens ansvar

  • Læraren er på plass i god tid før undervisninga skal starta og held timeplanen
  • Læraren har planlagt undervisninga og er førebudde til kvar elev/gruppe
  • Læraren skaper ein god tone i undervisninga og gjer sitt for at eleven skal ha ei
    positiv oppleving
  • Læraren lyttar til eleven og tilpassar undervisninga slik at den blir interessant for
    kvar enkelt elev, og bygger på denne måten opp under den indre motivasjonen
    kvar enkelt elev har
  • Læraren tar initiativ til foreldresamarbeid/-samtale etter behov

Kulturskulen ønsker at foreldre/føresette

  • legger til rette for øving heime: eleven trenger ein plass å øve, støtte og geniun interesse
  • hjelper til å halda instrument og materiell i god stand
  • hjelper til å senda eleven avgarde til undervisning i rett tid
  • hjelper til når det passar dersom lærar/skule har bruk for assistanse
  • tar kontakt når de lurer på noko eller ønskjer fleire opplysningar om skuledrifta,
    læremåtar og anna
  • informerer om spesielle behov, sjukdomar eller liknande som lærar bør vita om
    for å kunna gi den beste undervisninga for alle
  • informerer i så god tid som mulig dersom eleven ikkje kan koma på timen

BRUK AV NOTER

  • Eleven kjøper sjølv dei bøker hen treng til undervisning. Anna materiale blir skaffa av læraren.
  • Det er lov å ta kopier så lenge ein held seg til reglane om lovlig kopiering frå Kopinor.

VEDTEKNE RETNINSLINJER

  • For å bli elev i kulturskulen må ein søke plass. Kulturskulen sender ut melding
    når ein har fått plass.
  • Ein ordinær individuell time varer i 25 minutt. Vidarekomne elevar kan søkja om
    dobbeltime (40 min). Gruppetimar varierer i lengde.
  • Dersom ein har valt eit nytt tilbod og finn ut at det valde tilbodet ikkje passar, kan
    ein melde seg ut kostnadsfritt før 15. september. Etter det er ein elev for heile
    skuleåret og får krav om innbetaling deretter.
  • Dersom eleven vil slutta, må kulturskulen få beskjed om det frå føresette.
  • Kulturskulen har to semester. Krav om innbetaling av semesteravgift vert sendt
    ut haust og vår.
  • Kulturskulen kan vurdera reduksjon i avgifta ved lengre tids fråvær (meir enn
    fire veker) pga. sjukdom eller fråflytting.
  • Dersom eleven misser meir enn to undervisningstimar i eit semester grunna
    lærarfråvær utan vikar, skal timane takast att, eventuelt kan det gjevast
    tilsvarande reduksjon i semesteravgifta
  • Sjukdom eller anna fråvær frå undervisninga skal meldast til læraren eller
    kulturskulen
  • Dersom ein elev er uheldig og øydelegg eller skadar noko av skulen sitt utstyr,
    må læraren straks få melding om dette. Er skaden komen av uvøren bruk frå
    eleven si side, må elev/føresette betala reparasjonskostnadene
  • Det er mogleg å søkje friplass for låginntektsfamiliar. Med friplass får ein dekka
    alle utgifter.
  • Desse retningslinjene gjeld for alle som er elevar i kulturskulen
  • Alle lærarar og tilsette i kulturskulen har teieplikt