Tilbod

Suldal kulturskule

2026-2027

Tilbod

Du kan gå på kulturskulen på kulturhuset, eller på skulen i din krins, så lenge det er nok påmeldte. Alle er velkomne i kulturskulen, både store og små!

Musikk

Du kan melde deg på: Fiolin, bratsj, cello, hardingfele, kontrabass, gitar, bassgitar, trommer, kornett, trompet, trombone, horn, tuba, piano, trekkspel, keyboard, orgel, slagverk, fløyte, klarinett, saksofon og song.

Har du lyst til å lære noko heilt anna – ta kontakt, så ser vi kva vi får til!

Nedre påmeldingsalder varierer for dei ulike instrumenta. Ta kontakt dersom ditt barn er yngre enn 3. klasse og har lyst til å begynne. 

Musikkgrupper

Kulturskulen har fleire musikkgrupper du kan melde deg på: kor, korps, Suldal kammerorkester – for strykere, Kreativ Suldal symfoniorkester, Trommeblitz, spelemannslag eller anna samspel. 

Kulturskuletimen
Er du for ung til å begynne på individuell musikkundervisning? Kulturskulen tilbyr også musikk i SFO-tida på skulen. Påmelding for 1. og 2. klasse.

Suldal kammerorkester (SKO)
Suldal kammerorkester er ei gruppe for alle som spelar strykeinstrument. Øvingane er på onsdagar 16.00 til 17.30. Orkesteret er gratis for elevane i kulturskulen som går på individuell undervisning. Lærarane på strykeinstrument er også med. Orkesterleiing er ved Xenia Berkova.

Teater

Teater er for deg som likar å spele og leika deg på scena. I teater kan du vere kven du vil: alt frå mus eller elefant, til astronaut eller eit syngande tre! På teater lærar du både å jobbe med manus og å improvisere. Du lærar også å gjere musikk, bilete og tekst til spel. I løpet av året får du vere med på både store og små førestillingar. Vi jobbar i aldersinndelte grupper, og påmelding er frå 2. klasse. 

Korps
Suldal kommune har 6 korps:

Biletkunst

Blyant eller pensel? Raudt eller grønt? Uansett kva farge du likar, kva form du har sans for: I løpet av eit år med biletkunst får du lære meir om fargar og kva dei kan gjere med det du skapar. Du vil få lære både teikning og måling. Påmelding er frå 3. klasse. 

TRE CIRKUS

Akrobatikk er for deg som liker gymnastikk og sirkus. Hoppetau, rockering og salto står sentralt. Akrobatikk har trening 3 dagar i veka. Påmelding frå 1. klasse.

Kontakt oss:

Administrasjon:

Olaug Marie Hebnes

98696839

Olaug.marie.hebnes@suldal.kommune.no

Håkon Nielsen

40018153

Hakon.nielsen@suldal.kommune.no

Logo til Suldal kulturskule