Songarlaget

SONGARLAGET er Kulturskulen sitt tilbod til vaksne som liker å syngja i kor. Me øver på Kulturhuset kvar måndag frå 19.30 til 21.00. Dirigent er Martin Haug Tieghem.
I løpet av året har me eigne konsertar og opptrer på andre arrangement. Per nå (haust 2022) har koret 33 medlemmer, og øver til ein sommarkonsert der dei skal framføre musikk av Coldplay i lag med band.
Me har plass til fleire; både sopranar, altar, tenorar og bassar.