Marvik musikkorps

Marvik Musikkorps held til på Ropeidhalvøya og består i dag av ni musikanter og dirigent. Me har øvingar kvar måndag frå kl. 18.00 til 20.00 på Kjølvikstølen Grendahus.
Me speler på 17. mai og på ulike arrangement gjennom året. I desember har me fleire speleoppdrag og Luciafesten er eit av dei kjekkaste arrangementa våre. Då inviterer me til julakonsert med middag, kaker, kaffi og utlodding. Me reiser også på turar i samband med sommaravslutninga.
Har du lyst til å spele saman med oss? Me vil ha fleire med i korpset, både unge og vaksne. Ta kontakt med oss og bli med i eit kjempekjekt fellesskap!